Bayonetta er tilbake

Den livsfarlege dama er klar for meir vulgær rumpesparking.

Til glede for alle som elskar frenetisk action med eit solid fokus på komboar og stiliserte kampar, har Nintendo i dag kunngjort Bayonetta 2. Det første Bayonetta-spelet som sparka oss ganske godt i mellomgolvet i starten av 2010 var regissert av Hideki Kamiya, som tidlegare stod bak det originale Devil May Cry frå Capcom.

I Bayonetta tek du på deg rolla som heksa Bayonetta, og i tillegg til å kjempe med både pistolar og sverd festa til både føter og hender, kan ho bruke absurde former for magi. For å nemne noko kan ho mane fram massive knyttnevar og overdimensjonerte stiletthælar av håret sitt.

Sidan håret hennar til vanleg skreddarsyr ein åletrong catsuit, endar vi opp med ei tidvis ganske avkledd heltinne når massiv magi skal brukast. Det største og viktigaste fokuset i spelet er likevel det intense tempoet og det herlege kampsystemet, og spelet fekk ein solid åttar i vår omtale:

Galskap av beste sort i Bayonetta.

– Bayonetta krev eit ekstremt høgt fokus frå spelaren, og det minste feilgrep kan bety at døden ventar rundt neste hjørne. I starten går det meste veldig greitt, men etter kvart som timane går blir utfordringa rimeleg brutal. Du blir kasta som ein ping pong-ball frå den eine kampen etter den andre, og det heile skjer i eit så vanvittig tempo at du praktisk talt brølar «Time Out!» mot skjermen, slik at du kan roe pulsen i nokre minutt – og få tilbake pusten – før du kastar deg ned framfor skjermen igjen. Tru meg når eg seier du kjem til å bli utmatta.

Bayonetta blei utgjeve av Sega, men denne gongen er det Nintendo som har overteke den jobben. Spelet blir med det eksklusivt for Wii U. Kamiya har resignert frå regissørstolen og har i staden teke på seg ei produsentrolle, medan Yusuke Hashimoto tek over som regissør. Hashimoto har tidlegare vore produsent for Bayonetta, og har i likskap med Kamiya tidlegare jobba for Capcom. Der var han blant anna involvert i seriar som Resident Evil, Devil May Cry og Street Fighter.

Noko lanseringspunkt for Bayonetta 2 er så langt ikkje kjent.

Les også: Norsk Wii U-dato avduket Les også: Sniktitt: DMC: Devil May Cry

Ledige stillinger
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (14)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Morfeo
13 år siden

Dag 0!

RadJostein
13 år siden

Body readiness approaching critical levels!

Endeby
13 år siden

Bare at Bayonetta 2 kommer i det hele tatt burde jo være til glede for alle!

bjornhelge
13 år siden

står fint over det her...

Zedarius
13 år siden

Meh. Wapanese.

Siste fra forsiden