Spelet som let deg lage din eigen superhelt for å kjempe mot alskens lumske og ufyselege krek er snart historie, fortel Eurogamer. Samtidig blir Paragon Studios, utviklaren som har drifta spelet sidan NCSoft tok over City of Heroes frå Cryptic i 2007, lagt ned. Dette blir gjort for at NCSoft skal omstille fokus og utgjevarstøtte. I desse planane passar verken Paragon Studios eller City of Heroes inn.
I eit innlegg på spelet si heimeside har Community Manager Andy Belford utbrodert avgjersla:
– Med umiddelbar virkning stoppar alt arbeid med City of Heroes, og vi set i gong førebuingane for at sola skal gå ned for verdas første, og beste, Superhelt-MMORPG før året er omme. Som ein del av dette vil alle abonnement og Paragon Market-handel bli avslutta. Vi kjem tilbake med meir informasjon om ei nøyaktig tidslinje for kva som skjer framover i dei komande vekene, fortel Belford før han går over til å rose Paragon Studios:
– Teamet her hos Paragon fortener spesiell ros for alt vi har oppnådd i løpet av dei siste fem åra. Utviklarane er blant dei mest kreative og talentfulle i bransjen. Vi har alle motteke denne nyheita no, men om nokon skulle lese dette i ettertid; vit at alt ditt harde arbeid og din dedikasjon ikkje har vore usett. Til potensielle studio på jakt etter fleire ansette; hyr desse folka. Du vil ikkje angre på det.
Heilt til slutt kjem Belford med ei melding til alle spelarane som har halde spelet i live sidan oppstarten i 2005:
– Tusen takk. Takk for år med støtte. Du har vore med oss heile vegen, tatt del i utfordringane våre, oppfordra oss til å gjere City of Heroes betre enn nokon andre trudde det kunne vere. Vi kunne ikkje ha kome så langt utan deg. Eg ber dykk alle, fokusere på dei gode tinga. Ikkje dvel ved «korleis?» eller «kvifor?», men bli heller med oss i å feire arva til eit fantastisk partnerskap mellom spelarar og utviklarteam.
City of Heroes stenger dørene for godt 30. november.
Les også: City of Heroes fjerner prislappen Les også: Cryptic-kontoer på avveie