Eit av fjorårets mest imponerande spel var den fascinerande gudesimulatoren From Dust. I dette spelet frå Another World-skapar Eric Chahi får du leike med elementa for å hjelpe ein liten sivilisasjon med å overleve. Det heile er som ei lita sandkasse der du kan lage fjell og dalar, og innsjøar og elver ved å manipulere dei forskjellige elementa.
Det mest imponerande ved spelet var korleis fysikken tok kontroll over alt du gjorde. Bygde du eit fjell av sand og plasserte ei elv på toppen, ville elva etter kvart grave seg inn i fjellet. All denne sanden blei i tur transportert ned til elvemunning der det danna seg sandbankar. Når du i tillegg skulle geleide den vesle sivilisasjonen fram og tilbake for å nå diverse mål, enda spelet sin uforutsigbare natur med å skape konstante utfordringar.
Eg var svært imponert, og hadde blant anna dette å seie i mi vurdering:
– Dette er eit spel som handlar om å overleve. Det handlar om å både kjempe mot og med naturkreftene slik at du kan kome deg vidare til neste nivå. Det handlar om ein nådelaus harmoni med dei forskjellige elementa, og der du det eine minuttet blir redda av havet, blir du det neste vaska bort av det.
Etter lanseringa på Xbox Live Arcade i fjor sommar har spelet enda opp på både PlayStation 3 og PC. PC-versjonen blei møtt av ein storm av klager over den strenge kopisperra som tvinga deg til å vere på nett kvar gong du skulle spele. Dette resulterte i at Ubisoft snudde i si sak, og såg seg nøydde til å fire på krava.
No er Ubisoft derimot klare med atter ei lita nylansering, sidan From Dust frå og med i dag kan spelast i Google Chrome-nettlesaren. Det er Google sin imponerande Native Client technology som gjer det heile mogleg. Tidlegare har herlege Bastion blitt tilgjengeleg i ein Chrome-versjon.
From Dust kan spelast med mus eller handkontroll, og vil i ei veke koste omlag 75 kroner. Etter det vil prisen klatre over hundrelappen. For å ta del i moroa er det berre å ta turen til From Dust si Google Chrome-side for å teste ein gratis prøveversjon.
Les også: Storspillene har blitt kjedelige