Hitman: Absolution har fått dato

Det er berre å finne fram finstasen, det blir ein blodig haust.

Seks lange år har gått sidan førre gong vi fekk snike oss inn på uvitande stakkarar i rolla som den livsfarlege leigemordaren Agent 47. No er det derimot klart at det femte spelet i serien ligg i butikkhyllene 20. november. Som vanleg er det danske IO Interactive som står for utviklinga.

Med Hitman: Absolution har utviklarane som mål å prøve ut nye ting. Det blir større fokus både på action, og å gjere umiddelbare val i staden for å planleggje alt i minste detalj. Dessutan får historia eit meir filmatisk preg. I løpet av spelet må Agent 47 leggje ut på ei personleg reise gjennom ei korrupt verd der han har blitt forrådd av dei han tidlegare stola på. Som om ikkje det car nok er politiet på jakt etter han.

Agent 47 sparkar rumpe for Herren.

Lasse Lervik hadde blant anna dette å seie etter å ha kika på spelet tidlegare i år:

– Hitman: Absolution er ikkje eit actionspel. Actionbitane er åpenbart sprita opp slik at dersom du havnar i ei skuddveksling så ser det ut slik det ville gjort dersom Jason Statham og Milla Jovovich hadde eit episk pistoloppgjer. Like fullt lovast vi at du ikkje skal tvingast til å spele meir actionretta. Sniking er i fokus, og ein «Silent Assassin» driv ikkje med skuddvekslingar frå Hollywood. Dermed kan det sjå ut som om gamle fans av serien kan glede seg til neste spel, sjølv om dei må godta ei viss retningsendring.

I tillegg til datoen har Square Enix kunngjort at alle som kjøper spelet før lanseringsdagen vil få ein bonus i form av det vesle spelet Hitman: Sniper Challenge. Dette uavhengige tilleggsspelet blir tilgjengeleg 15. mai. Målet ditt i Hitman: Sniper Challenge er at du frå ein balkong skal plukke ned forretningsmannen Richard Strong og alle livvaktene hans.

Medan du fordriv late vårdagar med dette kan du låse opp ei heftige sniper rifle og diverse oppgraderingar som kan overførast til Hitman: Absolution når det blir tilgjengeleg seinare i år.

Les også: Sniktitt: Hitman: Absolution Les også: – Absolution handler om å prøve noe nytt

Ledige stillinger

Kommentarer (5)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Sveinboer
13 år siden

En liten

referanse i bildeteksten? :)
Bruker-104685
13 år siden

Huff da. Hitman Conviction kunne dette spillet blit kallet, fordi det ser helt likt ut spør du meg å det liker jeg ikke.

Tonet ned og casualisert for markedet, neitakk

Da holder jeg meg enda til Hitman 2 Silent Assassin!

Dellers
13 år siden

Conviction var for så vidt bra nok det, men det var ikke et Splinter Cell-spill egentlig. COD kommer årlig allerede, så la for hel*ete de få seriene som har med stealth å gjøre få gjøre det de kan best.

kmatis
13 år siden

"større fokus på action"

"gjøre umiddelbare valg i stedet for å planlegge alt i minste detalj"

"historien får et mer filmatisk preg"

 

Whyyyyyyyy!

Civilix
13 år siden

Sagt det før og sier det igjen: venter du på et nytt hitman spill burde du ignorere dette.

 

Hvis du bare ser etter et billig actionspill for litt lett underholdning har jeg ikke tvil om at spillet sikkert kan gi mange folk en god opplevelse.

Siste fra forsiden